OFFRE D'UNE DURÉE LIMITÉE | Obtenez 3 mois à 0.99 $ par mois

14.95 $/mois par la suite. Des conditions s'appliquent.
Page de couverture de Langs Vegen No.

Langs Vegen No.

Langs Vegen No.

Auteur(s): Nettavisa Langsvegen.no
Écouter gratuitement

À propos de cet audio

Valdres og Jotunheimen er kjerneområdene nettavisa Langsveien.no dekker. Både nynorsk og bokmål brukes som skriftspråk.

Stadig publiseres artikler og videoer fra andre steder i landet også. Etter 18 år publiseres nå Langsveien.no sin egen podcast. Gud fornøyelse. Med vennlig hilsen Roy Myrland, eier og redaktør.

© 2026 Langs Vegen No.
Politique
Épisodes
  • Ein Bjørn på vandring – fridom på fire hjul.
    Jan 5 2026

    Han lever sitt beste liv, i ein pickup som er som ein sveitsisk lommekniv med motor.

    Annonsørar: Montér Kvismo, Valdresbil A/S og Hovli Auto A/S.

    Bjørn Egge frå Høre i Vang i Valdres har funne sin eigen måte å leve godt på. Med Oslo som fast adresse og ein Nissan Navara som heim på hjul, tilbringer han rundt 200 døgn i året ute i naturen – året rundt. Snø, kulde og ruskevêr er berre ein del av pakken.

    Dette er ein podkast om ein Bjørn på vandring. Om fridomen i å reise når ein vil, stoppe der det kjennest rett – og bli verande litt lenger om ein har lyst. Bjørn reiser etter innfallsmetoden, utan faste planar, og viser at friluftsliv med stor fridom er oppnåeleg for fleire enn mange trur.

    I pickup-riggen har han alt han treng: varme, seng, vatn og moglegheit til å lage god mat. Dagane fyllest med fotturar, skiturar, bøker og bålkos. Dusjen tek han ute, i eit enkelt dusjtelt – heilt greitt, følgjer Bjørn sjølv.

    Skulle han bli en dag ekstra, eller om en kunde ringer, er det heller ingen hindring. Med PC og Starlink kan han jobbe like godt frå ein nedsnødd fjellovergang som frå heimekontoret i Oslo.

    Bjørn er også tydeleg på korleis han ferdast i naturen. Trass i kraftig firehjulsdrift køyrer han aldri utanfor godkjende vegar. Han meiner ein ikkje treng å lage spor i terrenget for å finne dei beste stadene – dei finst allereie, om ein tek seg tid.

    Under navnet Egge Overland deler han glimt fra turane sine i Noreg, Sverige, Finland og Island, og inspirerer mange til å leve litt friare, forklare – og meir på naturen sine premissar.

    Dette er ein podkast om fridom, vandring og eit liv ute – heile året.

    Langs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.

    Voir plus Voir moins
    30 min
  • Ein rosa engel med ballar!
    Dec 25 2025

    Under innspelinga av podkasten med Hanna Gjeilo Skjåkødegård i Smiu på Bismo i Skjåk, dukka Aud Hove (Sp) – gruppeleiar i Innlandet fylkesting – uventa opp med ei julegåve. Ho ønskte å heidre Hanna for den kompromisslause innsatsen ho har lagt ned som leiar av TAFI ( Tverrfaglig arbeidsgruppe for framtidsskolen i Innlandet ), og for arbeidet med å sikre framtida til Jotunheimen Privatistskole i Lom.

    Etter ved Arbeidarpartiet, Høgre og MDG i Innlandet fylkesting vedtok å legge ned Lom vidaregåande skule hausten 2024, har Hanna stått støtt i front. Med uredd, sakleg og tydeleg stemme har ho arbeidd målretta saman med både private, stortings- og fylkespolitikarar, samt næringslivet, for å få Jotunheimen privatiskule offentleg godkjend og statsstøtta – på lik linje med andre private vidaregåande skular i Noreg.

    Langs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.

    Voir plus Voir moins
    9 min
  • Hanna Gjeilo Skjåkødegård. -Vilje, verdiar og vidaregåande skule.
    Dec 22 2025

    Det er ikkje kvar dag ein møter menneske som både har doktorgrad, dugnadsånd og kampvilje nok til å flytte fjell – eller i det minste redde ein vidaregåande skule. I denne podkasten møter du Hanna Gjeilo Skjåkødegård frå Skjåk i Gudbrands dalen, kvinna som stod i første rekke då kampen for vidaregåande opplæring i Lom verkeleg tok til.

    Med di hjelp kan vi fortelje fleire viktige historier – i podkast, video og tekst. Gå vidare her.

    Medan skulekampen har rasa, har Hanna vore busett i Bergen. No har ho teke med seg både ektemannen Vetle og døtrene Frida og Maria, og flytta heim att til Skjåk. Familien bur mellombels i ein bustad eigd av Skjåk kommune, ein del av ordninga der folk kan få «prøvebu» i bygda i inntil tre år. Men her er det ingen tvil: Hanna skal ikkje prøvebu. Ho og familien skal bli – så snart huset dei byggjer står ferdig.

    Saman med TAFI – Tverrfagleg arbeidsgruppe for framtidsskulen i Innlandet, og ei rekkje andre gode krefter, har ho vore med på å samle inn over 65 millionar kroner til det som i dag heiter Jotunheimen Privatistskole. I podkasten får Hanna òg besøk av sambygding Aud Hove, gruppeleiar for Senterpartiet i Innlandet fylkeskommune. Ho har med seg ei gåve av det heilt unike slaget – ei helsing som seier mykje om kva slags menneske Hanna er.

    Samtalen er spelt inn i Smiu på Bismo i Skjåk, der redaktør Roy Myrland i nettavisa Langsvegen.no både intervjuar og har produsert podkasten. Undervegs blir det både sist, alvor og refleksjonar om bygdekraft, politikk, barn og framtid. Hanna har nemleg også doktorgrad frå Det medisinske fakultetet ved Universitetet i Bergen, og arbeider i dag som postdoktor og forskar innan vekt og spiseforstyrringar hos barn og unge.

    Podkasten er produsert med annonsestøtte frå: Thorstein Brun og Brun Bygg A/S, Harald Rune Øvstedal og Gjendebåtene, samt Bernt Jo Vole i Visit Bessegen og Gjende.

    Sjå og høyr heile podkasten – dette er bygdehistorie medan ho blir til.

    Langs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.

    Voir plus Voir moins
    44 min
Pas encore de commentaire